STORHELG I HALLINGDAL
Storhelg i Hallingdal 17 -19 oktober 2025. Vi inviterar til Storhelg i Hallingdal av godt gamalt merke.
Fredag startar vi på Misjonsheimen på Torpo med konsert med «Hekate». Silje Risdal Liahagen, Malin Alander og Synnøve Brøndbo Plassen. Laurdag kveld etter middag blir det dansekonsert på Misjonsheimen med «Kvåvne», Sivert Holmen, Astrid Garmo, Hans Hulbækmo og Sondre Meisfjord. Her må alle hugse danseskoa.
Kl. 21.00 spelar Leif Stinnerbom og Mats Berglund opp til dans på Hugnadheim. Ein fantastisk duo frå Värmland!
Sundag blir det avslutning med Meister og elev på Kulturhuset som vanleg. Der får alle deltakarar og lærarar syne fram kva dei har arbeidd med på kursa.
Om nokon ikkje vil bu på gymsal/klasserom, finst det rimeleg overnatting 3 km unna. Ta kontakt om det er aktuelt.
Vi er stolte over alle dei fantastiske lærarane som stiller opp og gjer ein strålande jobb. Velkommen til Hallingdal!